Lageret ligg på Suldalsosen
På Vipps nr. 792411 kan ein sjekke produkt og prisar
Har du ønskje om andre produkt? Kontakt ein i selskapet på e-post eller telefon
Om det skulle vere utselt, har me som mål å ha produkta på lager att innan 7 dager.
Me har kraftfor for dei fleste dyr som storfe, sau, gris, hund, katt, kanin og høns.
Elles finn du mange produkt innan planteproduksjon og hage slik som såfrø, gjødsel, kalk og bork. Til landbruk og hushaldning har me vaskemiddel, bensin og olje til motorsag og småmaskiner, ensileringsmiddel og anna rekvisita.
Nytt frå mai er at me forhandlar ulike røyrar og tilhørande deler. Me har inne nokre dimensjonar, men skaffar alt av røyr i ulike dimensjonar. For priser på større/faste leveransar eller direkteleveringar, kontakt Magnus Bakka på telefon eller e-post.
Du vel om du vil betale på Vipps eller om du vil ha faktura. På papirskjema som ligg klart ved inngongen, kan du registrere kva du har handla, samt navn og adresse, og legge skjemaet i postkassen der. Du vil då få tilsendt faktura.